Oppskrifter

Komlekjøtt er beinfri, lettsalta og eldhusrøykt svinebog oppdelt i passe store terningar. Då me byrja å selgje produktet var det tenkt som tilbehør til komla (derav namnet), men det er selfølgelig egna til mange andre middagsrettar og supper. Ein favoritt er å servere det i/med lys kraftsaus. Kjempegodt, berre prøv.

I Åkrafjorden er matretten sosakjøtt tradisjonelt sett brukt som søndagsmiddag eller som selskapsmat til store anledningar som bryllup, konfirmasjon eller barnedåp. Grunnen til dette er for det første at det smakar utrulig godt, i tillegg til at det er mat som held seg godt/fint og er lett å servera og å halda varmt. Tradisjonen seier poteter, grønnsaker og tyttebærsyltetøy som tilbehør, men det fungerer like godt med ris og saltat.

Pannekaker er noko dei aller fleste likar. I kring Åkrafjorden er det vanleg å lage fleskepannekaker til lunsj, eller til middag, eller til kvelds, eller berre når me har lyst på noko godt. Supert til nistemat óg. Det er mange oppskrifter på røre, men her får du vår favoritt, berre littegrann søtna med vaniljesukker. Det gjev ein fin kontrast til den milde røykesmaken og saltet på baconet.

Løksaus kan ein bruke til mange typar middagar men me likar den særs godt til eldhusrøykte produkt som åkerring/hardangerpølse og lettsalta eldhusrøykt lammebog. Damp Eldhusrøykt Lammebog på rist (ca 1 1/2 – 2 timar). Bruk krafta til å lage løksausen.
Lag heimelaga kålrabistappe, kok Åkerring og poteter. Servér eit festmåltid.

Det eldhusrøykte og tørrsalta baconet vårt kan ein bruka i utallege rettar, alt i frå dei tradisjonelle middagsrettane til dei meir moderne og kjappe. Denne spagettiforma er ein favoritt i heimen vår, elska av både store og små. Retten passar óg godt når ein får gjester ei kveldsstund. Spagettiforma kan lagast klar på førehand og settast i ovnen når gjestene kjem. Så kan ein heller bruke tida i lag med dei.

Til spekemat kan ein variere med eit uttal av godt tilbehør og salatar. Til ein god helgefrokost er det eit absolutt «must» hjå oss å ha eggesalat. Det smakar utruligt godt i lag med spekepølse og spekeskinke. Eggesalat høyrer kanskje avansert ut, men i røynda er den veldig enkel å lage. I alle fall vår variant. Server den i ei fin lita skål og eg er sikker på du kjem til å hauste mykje «vel-leta» som me seie i Åkrafjorden.

Heimelaga potetstappe, steikesnabb og raspa gulrot er ein rask kvardagsrett me anbefalar deg å prøve.

Rømmegraut er skikkelig tradisjonsmat, og grauten vart mykje brukt som festmat før i tida. Servert med sukker, kanel, rosiner på toppen og spekemat (gjerne fenalår) attåt smakar det heilt nydeleg. Vår oppskrift inneheld litt semulegryn noko som er typisk for oppskrifter frå vestlandet. Me har også litt sukker i grauten under koking, men det kan ein sløyfe om ein vil.

Komle er skikelig god og tradisjonsrik norsk middagsmat.
Det fins ulike variasjonar både i komler og tilbehør, men me likar eldhusrøykt svinebog eller lammebog, åkerring, eldhusrøykt bacon og kålrabistappe til. Det er populært å henta fram dei gamle oppskriftene når dei treng litt inspirasjon til middagstips. Inviter familie og venner neste gong du skal lage, det så kjekt om ein er mange som deler ein komlemiddag!

Pai er populært å servere og få servert. Her er oppskrift på ein herlig pai med salami al pesto og brokkoli. For å variera kan ein bytte ut salami al pesto med tørrsalta, eldhusrøykt bacon frå oss. Denne paien smakar godt til både kvardag og fest. Ekstra smakfullt blir det med ein god salat servert ved siden av.

Vårt tørrsalta og eldhusrøykte bacon gjev ein ekstra piff til denne nydelige brokkolisalaten. Salaten er det perfekte tilbehøret til svinekjøtt eller kylling; – eller til grillmaten. Den er óg eit «must« til tapas, spekemat eller aleine til foccacia eller godt saftig brød.

Bayonneskinka vår er ekstra god og fin og er laga av svin flatbiff. Den er passelig salt og me eldhusrøyker den for å gje ho den fine særeigne og milde røykesmaken som produkta våre er kjent for. Bayonneskinka er rå og anbefalt koketid er 1-2 timar alt etter størrelsen på skinka. Bayonneskinka smakar like godt varm som kald, og brukast til middagsmat, som pålegg eller til koldbord og salatar. Sjekk ut oppskriften våre for fleire tips.