Åkerring med rotstappe og Lundal Bacon
Åkerring er ei rå, grov og eldhusrøykt pølsa. Det at pølsa er rå gjer at ein alltid får smaken av nykokt pølsa. Prøv den saman med vårt tørrsalta eldhusrøykte bacon til heimelaga rotstappe, heilt nydelig!
Dette treng du
2 gulrot
1 kålrot
4 skiver selleri
salt
peppar
meierismør eller 1 pk naturell kremost
Slik går du fram
Kok åkerringen på moderat varme i 20-22 min.
Steik baconbitane på moderat varme til dei er gyldne og møyre.
Kok grønnsakene til dei er møyre. Ha i meierismør eller kremost og mos dei til ei stappe. Smak til med salt og peppar.
Steik baconbitane på moderat varme til dei er gyldne og møyre.
Kok grønnsakene til dei er møyre. Ha i meierismør eller kremost og mos dei til ei stappe. Smak til med salt og peppar.