Komlekjøtt i lys kraftsaus

Komlekjøtt er beinfri, lettsalta og eldhusrøykt svinebog oppdelt i passe store terningar. Då me byrja å selgje produktet var det tenkt som tilbehør til komla (derav namnet), men det er selfølgelig egna til mange andre middagsrettar og supper. Ein favoritt er å servere det i/med lys kraftsaus. Kjempegodt, berre prøv.
Dette treng du

500 g komlekjøtt

poteter

grønnsaker

Til kraftsaus:

3 ss margarin
3 ss kveitemjøl
Kjøttkraft

Slik går du fram
Legg komlekjøttet i ei panna og fyll opp med vatn slik at det dekker kjøttet akkurat. Kok komlekjøttet til det er møyrt (1 time til halvannan).

Sil kjøttet og ta vare på krafta.

Smelt smør og rør inn kveitemjøl.

Spe med kjøttkrafta medan du rører godt. Om krafta vert for salt kan ein erstatte med litt vatn. Ein skvett fløyte gir ein fin smak.

Ha kjøttet oppi sausen og la det godgjere seg litt, eller server det ved sida av.

Gode poteter og grønnsaker er eit sjølvsagt tilbehør.