Potetsalat

Det er ikkje mykje som slår heimelaga potetsalat og spekemat, spør du oss. Flatbrød, eggerøra, litt druer og melon; .. eit herremåltid.
Potetsalaten er òg eit sjølvsagt tilbehør til grillmat.
Dette treng du

8 store kokte poteter
3 dl lettrømme
1 pk majones (ca 150 g) 
purreløk (etter smak) Purreløk kan byttes ut mot ½ løk
salt 
pepper
1 ts sennep

Slik går du fram
Bland rømme og majones.
Smak til med salt og pepper. Ha i sennep.
Del opp purreløk i tynne ringar og ha den oppi dressingen.
Skrell potetene og del dei opp i passelege terningar. Ha i potetene og bland godt.

HUSK: dressingen trekkjer litt inn i potetene når den står, så ha det i mente når ein har i potetmengd 🙂