Fleskepannekaker med Lundal Bacon

Pannekaker er noko dei aller fleste likar. I kring Åkrafjorden er det vanleg å lage fleskepannekaker til lunsj, eller til middag, eller til kvelds, eller berre når me har lyst på noko godt. Supert til nistemat óg. Det er mange oppskrifter på røre, men her får du vår favoritt, berre littegrann søtna med vaniljesukker. Det gjev ein fin kontrast til den milde røykesmaken og saltet på baconet.
Dette treng du

300 g LUNDAL eldhusrøykt og tørrsalta bacon
3 dl kveitemjøl
1/2 ts salt
1/4 ts vaniljesukker
6 dl mjølk
3 ss smelta smør/melange
3 stk egg, helst romtemperert

Slik går du fram
Bland mjøl, salt og vaniljesukker. Tilsett kring halvparten av mjølka og visp til du får ei tjukk og klumpfri røre.

Smelt smør i ein kjele og la det avkjølast litt. Tilsett smøret/melangen til røra, deretter litt og litt av mjølka. Rør inn egga til røra blir tynn og fin.

La pannekakerøra svella i minst 20 minutter før du skal steika pannekakene.

Steik baconet på moderat temperatur til det er møyrt.

Smelt litt smør i ei varm steikepanna. Ha 1 toppa ss bacon i panna. Hell på røra til den så vidt dekker heile bunnen.

Steik pannekaka på middels sterk temperatur i 1–2 minutter, eller til røra har stivna på oversida. Vend pannekaka og stek omtrent like lenge på den andre sida. Fold pannekaka to gonger og server.