Bayonneskinke med lys kraftsaus

Bayonneskinka vår er ekstra god og fin og er laga av svin flatbiff. Den er passelig salt og me eldhusrøyker den for å gje ho den fine særeigne og milde røykesmaken som produkta våre er kjent for. Bayonneskinka er rå og anbefalt koketid er 1-2 timar alt etter størrelsen på skinka. Bayonneskinka smakar like godt varm som kald, og brukast til middagsmat, som pålegg eller til koldbord og salatar. Sjekk ut oppskriften våre for fleire tips.
Dette treng du

Lundal Bayonneskinke (ca 200 g pr person)
poteter
gulrøtter

1 boks grønne erter

tyttebærsyltetøy

 

Kraftsaus:

3-4 ss margarin

3-4 ss kveitemjøl

Bayonneskinkekraft

vatn

kremfløyte

 

Slik går du fram
Kok Bayonneskinka i posen i 1,5 -2,5 timar (alt etter størrelsen) under lokk på moderat koking.

Skrell poteter og gulrøtter. Del gulrøttene i strimler/skiver.

Kraftsaus:
smelt margarin i ei tjukkbotna panne. Bland kveitemjølet med margarinen og spe litt og litt med kraft og litt vatn. Rør kraftig slik at det ikkje klumpar. Spe med meir kraft slik at du får ein passelig tjukk saus. Smak og ha eventuelt i vatn for at ikkje sausen skal bli for salt. Ha i ein skvett fløyte for å få eind rund og fin smak.

Tips:
Når bayonneskinka er ferdig kokt , slå av vatnet og stikk hol i posen på bayonneskinka for å få ut den gode og smakfulle krafta. Posen bayonneskinka kokast i blåser seg opp under kokinga, så det er lurt å behalde lokket på og lirka ein kvass kniv inn under lokket når ein stikk hol. Slik unngår ein å få glovarm kraftsprut på seg. La krafta renne ut i panna og ta vare på den. Frys den gjerne i isterningeposar så er det enkelt å regulere mengda når ein skal bruke den seinare for å smaksette sausar, supper eller lapskaus.