Tacopai
Tacopai er ein annan vri på fredags tacoen. Lag ein pai og putt oppi dei grønsakene du sjølv likar best. Lag gjerne paibunnen kvelden før, eller du kan kjøpe ferdig paibunn alt etter kva du har tid til.
Dette treng du
400g Lundal kjøttdeig
1pk tacokrydder
1 boks cream fraiche
1/2 purreløk
1 raud paprika
1 boks mais
raspa ost
PAIDEIG
3dl mjøl
2ss vatn
150g meierismør
Slik går du fram
Sett ovnen på 180 grader.
Paideig:
Bland saman mjøl, vatn og meierismør. Kjevle ut deigen til ein sirkel slik at den dekker paiforma. Trykk deigen godt opp i kanten på forma og stikk hull med ein gaffel i bunnen. Sett kjølig i ca 30 minutt. Forsteik deigen i 15-20 minutt Tips:Her kan du spare tid ved å lage deigen kvelden før.
Steik kjøttdeigen og tilsett tacokrydder og cream fraiche. Hakk opp paprika og purreløk og bland alle grønnsakene inn i kjøttdeigen. Ha fyllet over i den forsteikte paibunnen og topp med raspa ost. Steik i ovnen i ca 15-20 minutt.
Server med ein frisk salat, tortillachips, guacamole og rømme.