Eggesalat til spekemat

Til spekemat kan ein variere med eit uttal av godt tilbehør og salatar. Til ein god helgefrokost er det eit absolutt «must» hjå oss å ha eggesalat. Det smakar utruligt godt i lag med spekepølse og spekeskinke. Eggesalat høyrer kanskje avansert ut, men i røynda er den veldig enkel å lage. I alle fall vår variant. Server den i ei fin lita skål og eg er sikker på du kjem til å hauste mykje «vel-leta» som me seie i Åkrafjorden.
Dette treng du

1 pk Mills majones

3 egg

Salt

Pepper

Slik går du fram
Kok egga til dei er hardkokte. Avkjøl, ta av skalet og del dei i skiver med ein eggedeler. Del dei i 3 etterpå med ein kniv.
Ha majonesen i ei skål, gjerne ei anna skål enn den ein vil bruke til å servere i. Smak til med salt og pepper. Vend inn egga. Ha eggesalaten over i serveringsskåla.