Slik får du perfekt pinnekjøtt

Julemiddagen er kanskje det måltidet i året ein ønsker aller mest å lykkas med i heile året. Fleire generasjonar er gjerne samla rundt bordet, og det er knytta mykje tradisjon, forventning og gode følelsar rundt den.
Her er våre beste tips til tilbereding

Ca 400 g pinnekjøt per pers 

  • Legg pinnekjøttet til utvatning i ei romslig panne/kumme og fyll med kaldt vatn slik at kjøttet er godt dekka. La det ligge natta over (12-16 timar)  
  • Skyll kjøttet under rennande vatn og legg det lagvis på ei rist i panna. Fyll opp med vatn til det rekkjer til rista. 
  • Dampkok til kjøtet er møyrt og slepper beina (ca 3 timar+). Det kjenner ein enkelt ved å stikke ein gaffel i kjøtet. Husk å etterfylle med vatn, slik at det ikkje tørrkokar. 
  • Sil kokesjya og bruk den som sjysaus. 

 

Server med heimelaga kålrabistappe (oppskrift), sjy og gode poteter. Åkerring er ei kjempegod rå eldhusrøykt middagspølse som passar godt til pinnekjøtet. Me anbefaler å dampe den på toppen av pinnekjøttet den siste halvtimen før servering. 

Me legg mykje arbeid og omhug i produksjonen av pinnakjøtet vårt. Kvar enkelt lammesida er tørrsalta for hand og eldhusrøykt over bål med oreved.  Me synes det er stas/gildt å få vera ein del av så mange sin juletradisjon. Det gjer oss audmjuke og glade. 

Pinnakjøt er enkelt å tilbereda, men det kreves forarbeid med utvatning av kjøtet, litt påpass under dampinga og tid til å la kjøttet møyrne.  

Pinnakjøtet er skarpsalta og må difor vatnas ut. Kor salt ein ønskjer pinnakjøttet er ein smakssak og ein justerer det sjølv med utvatninga. Tradisjonelt sett her på Vestlandet, slapp ein å bruka saltbøssa til denne middagen!

Er du vant til å bruke pinnekjøttet vårt, gjer slik du pleier både med utvatning og damping. Ellers anbefaler me 12-16 timar i kaldt vatn. Ein kan skifte vatn eller auke vatningstida om ein ønskjer mindre salt pinnakjøt. Brukar ein rennande eller temperert vatn skjer utvatningsprossessen raskare. 

Oppskrift på deilig kålrabistappe finn du her.