Biffsalat

Ein enkel biffsalat passar godt som lunsj eller eit lett måltid.
Dette treng du

300 g Lundal Biffsnadder

1 mango

1-2 avokadoer

spinat

ruccola

små tomater

salt og pepper

smør til steiking

Slik går du fram
Steik biffsnadderen i smør og ha på salt og pepper.

Kutt opp mango, avokado og tomater i terninger.

Legg spinat og ruccola på ein tallerk, ha biffsnadderen oppå og dei hakka frukt/grønsakene oppå. Dryss eit lite dryss maldonsalt over til slutt. For meir smak kan ein bruke pepper eller balsamico som topping.

Server med lunt brød og dressing.