Bakt potet

Bakt potet er eit godt alternativ til hyggemat.  Om ein er mange til bords er dette ein enkel rett å lage utan stress. Ein kan fylle poteta med forskjellige godsaker, men vår erfaring er at bacon alltid er ein suksess.

Ostesmørbrød

Ostesmørbrød er ofte redninga når ein ikkje rekk å lage middag før ein hastar vidare, eller det kan vera ein kosekvelds når ein er fysen på noko godt. Den smakfulle Kryddersalamien vår egnar seg veldig godt til dette, berre prøv.

Løksaus

Løksaus kan ein bruke til mange typar middagar, men me likar den særs godt til eldhusrøykte produkt som åkerring/hardangerpølse og lettsalta eldhusrøykt lammebog.

Sosakjøtt

I Åkrafjorden er matretten sosakjøtt tradisjonelt sett brukt som søndagsmiddag eller som selskapsmat til store anledningar som bryllup, konfirmasjon eller barnedåp.