Bakt potet

Bakt potet er eit godt alternativ til hyggemat. Om ein er mange til bords er dette ein enkel rett å lage utan stress. Ein kan fylle poteta med forskjellige godsaker, men vår erfaring er at bacon alltid er ein suksess.
Dette treng du

1 stor potet pr person

Lundal bacon

Mais

Rømme

Ost

Slik går du fram
Sett ovnen på 200 grader.
Vask og tørk potetene godt. Pakk dei inn i aluminiumsfolie.
Steik baconet på moderat varme til det er møyrt.
Legg potetene på eit steikebrett og la dei stå i ovnen ca 1 time. Sjekk om dei er ferdige ved å stikke ein spiss kniv i nn i poteta, på same måte som når du kokar poteter. Lag eit kryss i poteta og press den lett i frå undersida slik at den åpnar seg. Fyll opp med bacon, rømme, mais og ost. Nyt.