Hardangergrill

275 g. 3 stk pølser pr pakke. Nydelige grove grillpølser med fårekjøtt. Smakar godt i potetkake, til grilltallerken eller steikt på panna til heimelaga potetstappe.

Komle

Komle er skikelig god og tradisjonsrik norsk middagsmat. Det fins ulike variasjonar både i komler og tilbehør, men me likar eldhusrøykt svinebog eller lammebog, åkerring, eldhusrøykt bacon og kålrabistappe til.

Potetsalat

Det er ikkje mykje som slår heimelaga potetsalat og spekemat, spør du oss. Flatbrød, eggerøra, litt druer og melon; .. eit herremåltid. Potetsalaten er òg eit sjølvsagt tilbehør til grillmat.

Bakt potet

Bakt potet er eit godt alternativ til hyggemat.  Om ein er mange til bords er dette ein enkel rett å lage utan stress. Ein kan fylle poteta med forskjellige godsaker, men vår erfaring er at bacon alltid er ein suksess.