Grynasteik med purresmør

Grynasteik, hakkasteik, brurasteik, kjært barn har mange navn.. Grynasteik er ein tradisjonsrett i frå Hardanger som vart brukt til høgtider og ofte i bryllup, derav navnet brurasteik. Den inneheld røykt lamekjøtt, røykt svinebog og bygg-gryn. Grynasteik kan ein bruka på forskjellig vis, men som middagsrett likar me å ha purresmør på poteter og gulrøtter.
Dette treng du

1 stk Grynasteik

Melange

Purreløk

Slik går du fram
Skrell poteter og gulrøtter og set dei på kok.
Grynasteika er ferdig kokt så den treng kun gjennomvarmast. Det gjer ein enkelt ved å legge pakken i ein kjele og varme den opp til kokepunktet.
Skjer purreløk i fine ringar. Smelt 250 g melange. Legg purren i smøret og la den møyrna.