Pølsegrateng

Pølsegrateng er ein enkel og sunn kvardagsmiddag som fell i smak hos store og små. Med vår eldhusrøykte Hardangerpølse/Åkerring får du god smak på gratengen. Her kan du enkelt vareiere kva slags grønsaker du ønsker å ha oppi. Serveres gjerne med eit godt brød attåt.
Dette treng du

400g eldhusrøykt Hardangerpølse/Åkerring i terningar

200g fullkorns pasta

1/2 brokkoli

1/2 blomkål

1/4 purreløk

300g cream fraiche

1,5 dl melk

raspa ost

salt og pepper

Slik går du fram
Sett ovnen på 180 grader.

Kok opp pasta etter anvisning på pakken. Skjær alle grønsakene i terningar og hakk opp purreløken.

Fjern skinnet av pølsene og del i terningar og ha alt over i ei stor ildfast form. Bland creme fraiche saman med melk og smak til med salt og pepper og hell det over forma.

Avslutt med raspa ost på toppen og steik midt i ovnen i ca 20 minutt.