Lammebog

3×5 kg. Eldhusrøykt, salt, naturell. Flott lammebog skore i fine skiver. Den salta og den eldhusrøykte/salta treng ikkje vatnas ut. Kokast til kjøttet er møyrt. Nydelig i allslags supper t.d ertesuppe eller betasuppe, frikassè eller til komle.

Komlekjøtt

3×5 kg. Utbeina svinebog som er lettsalta og eldhusrøykt med lokal oreved. Kjøttet er terna i passelig store bitar, og passar perfekt som tilbehør til komle, eller til ertesuppe eller kjøttsodd. Kjøttet gjev ei nydelig kraft som er fin å bruke i sausar.

Lapskauskjøtt

3x5kg. Utbeina svinebog som er lettsalta og eldhusrøykt med lokal oreved. Kjøttet er terna i passelig store terningar, og passar perfekt i lapskaus og betasuppe. Kjøttet gjev ei nydelig kraft slik at ein slepp å bruke smakstilsetjingar i form av buljong.

Bacon

Terna 1,5 kg og halv side 1,2-1,7 kg. Ekte bacon, tørrsalta for hand på tradisjonelt vis og eldhusrøykt med lokal oreved. Smakar fortreffelig!

Åkerring

Grov og saftig middagspølse etter tradisjonsrik oppskrift. Sidan pølsa er rå, får ein den unike opplevelsen av nykokt pølse, kvar gong! Eldhusrøykt på lokal oreved. Høg kjøttprosent og smakar fortreffelig til kålrotstappe, kålstuing, kvit saus og grønsaker, i betasuppe og lapskaus eller som tilbehøyr til komle og pinnakjøtt. Fri for gluten og laktose.