Bratwurst

275 g, 3 stk pølser pr  pakke. Smakfull pølse med høgt kjøttinnhald (85%). Prøv den med heimelaga potetstappe og sennep på, i potetkake med agurkmix og potetsalat eller på grilltallerkenen med godt tilbehør. Tyskarane brukar ofte sauerkraut til, kanskje er det din favoritt og.

Slik får du perfekt pinnekjøtt

Julemiddagen er kanskje det måltidet i året ein ønsker aller mest å lykkas med i heile året. Fleire generasjonar er gjerne samla rundt bordet, og det er knytta mykje tradisjon, forventning og gode følelsar rundt den.  

Pinnakjøtt

Oppskore 10 kg.Eldhusrøykt og urøykt. Lammesidene er tørrsalta for hand. Dette bidrar til at pinnekjøttet får den høge kvaliteten me er kjende for; og etterstrebar. Me eldhusrøyker med lokal oreved for å få ein mild fin smak og farge. Når pinnekjøtet kjem på bordet er det høgtid. Me gler oss til kvar einaste gong!

Spekeskinke

Oppskåret. Nydelig møyr eldhusrøykt spekeskinke. Spekeskinke kan brukast til nær sagt alt; graut, salat, pizza, focaccia, ost, melon, snacks, kalde poteter og rømme, eggerøre….

Åkrafjordpølse

Tradisjonsrik fårepølse laga med omhug basert på oppskrift frå 1870. Det at fårepølsa inneheld geitekjøtt og er eldhusrøykt på oreved, gjer at den får den milde gode smaken som Åkrafjordpølsa er kjent for. Nydelig på brødskiva, attåt graut eller til flatbrød og rømme.