Eg er opptatt av gode råvarer og god tradisjonsmat. Det å bruka kvalitetsprodukt frå Johs. Lundal & Sønner gjer min jobb mykje enklare!
Med eit rennomé for god kvalitet, og tradisjon sidan 1870 å ta vare på, kan ein aldri gå på akkord med kvaliteten.

Aud Berit Ljusnes Jensen
Kvalitetsprodukt
Ekte tradisjon frå Åkrafjorden
Spekemat frå Lundal er ikkje berre spekemat – det er ei sann smaksoppleving som tek deg tilbake til den fine,milde og gode smaken som har vore eit kjenneteikn for oss i generasjonar.
Me held fast på dei gamle tradisjonane som tørrsalting og eldhusrøykjing. Sjølv om produksjonen har modernisert seg med tida, er det det eldgamle handverket som gjev produkta våre sin unike karakter.

Tradisjonsrike pølser, smakfull ferdigmat og bacon
Velsmakande grove eldhusrøykte middagspølser, ferdigmat som er like godt som heimelaga og ektatørrsalta bacon.
Me etterstrebar kvalitet og ekte reine smakar i produkta våre. Med ein kombinasjon av moderne produksjonsteknologi og tradisjonelle handverksmetodar, produserer me produkta med omhug her hjå oss.

Fryste varer – beste kvalitestssikring
Fleire av bestsegjarane våre sel me frosne. Dei vert frose inn straks etter produksjon, noko som gjev den beste kvalitetssikring og lang haldbarheit. Som alle veit, det er alltid kjekt å ha noko godt på lur i frysen!

Smakfulle opplevingar
Noko av produktspekteret vårt endrar seg etter sesong. Her finn ein alt frå grillpølser til pinnakjøtt i særklasse

Kvalitet til storkjøkken
Lundal tilbyr eit breitt utval av produkter som passar perfekt til storhusholdningar og profesjonelle kjøkken.
Med vårt fokus på kvalitet, tradisjon og effektivitet, er me den ideelle leverandøren for deg som treng store mengder smakfulle kjøttvarer utan å gå på kompromiss med kvaliteten.
Produkta våre tilfredsstiller dei høge krava til både smak og næringsinnhald.

Oppskrifter frå Lundal
Her delar me våre beste oppskrifter, slik at du kan lage smakfulle måltid med våre produkt heime.
Oppskriftene våre inspirerar både den erfarne kokk og den som berre ønskjer å lage ein enkel middag med god smak.
Du finn mange smakfulle rettar som inneheld kjøttmaten vår, perfekt til kvardags eller til spesielle høve.
