Salami/Kryddersalami

Smakfull salami med herleg krydderhinne rundt. Salamien er eldhusrøykt med lokal oreved. Nydelig på brødskiva, på ostesmørbrød og pizza, eller som snacks med rømmedipp og noko godt å drikke.

Lammebog

3×5 kg. Eldhusrøykt, salt, naturell. Flott lammebog skore i fine skiver. Den salta og den eldhusrøykte/salta treng ikkje vatnas ut. Kokast til kjøttet er møyrt. Nydelig i allslags supper t.d ertesuppe eller betasuppe, frikassè eller til komle.

Komlekjøtt

3×5 kg. Utbeina svinebog som er lettsalta og eldhusrøykt med lokal oreved. Kjøttet er terna i passelig store bitar, og passar perfekt som tilbehør til komle, eller til ertesuppe eller kjøttsodd. Kjøttet gjev ei nydelig kraft som er fin å bruke i sausar.

Lapskauskjøtt

3x5kg. Utbeina svinebog som er lettsalta og eldhusrøykt med lokal oreved. Kjøttet er terna i passelig store terningar, og passar perfekt i lapskaus og betasuppe. Kjøttet gjev ei nydelig kraft slik at ein slepp å bruke smakstilsetjingar i form av buljong.

Bacon

Terna 1,5 kg og halv side 1,2-1,7 kg. Ekte bacon, tørrsalta for hand på tradisjonelt vis og eldhusrøykt med lokal oreved. Smakar fortreffelig!