Våren er full av høgtider og fridagar – perfekte anledningar for å nyte god mat i godt lag. Spekepølsene våre er eldhusrøykte på tradisjonelt vis noko som er med på å gje dei den gode og karakteristiske smaken frå Åkrafjorden. Dei passar perfekt på festbordet.
Med eit breitt utval av smaksvariantar og uendelege moglegheiter for tilbehør, kan du enkelt skape smakfulle augneblink – anten du dekker til konfirmasjon, 17. mai-frukost eller andre festlege samenkomster.
Velg rett spekemat
Start med å velge ein god variasjon av spekemat. Her er nokre forslag:
- Spekeskinke: Ein klassikar som alltid fell i smak.
- Fenalår: Tradisjonell norsk delikatesse med rik smak.
- Salami: Kjem i mange variantar, gjerne krydra for ekstra smak.
- Snackspølser: Små pølser i forskjellige smaksvariantar, supre å dele opp til i små bitar til tapas.
Tilbehør- framhevar smaken
Rett tilbehør er nøkkelen til ein vellykka spekematanretning. Her er nokon klassiske og kreative forslag
- Ostar: Modnet brie, manchego eller en kraftig blåmuggost passar godt til spekemat.
- Frukt og bær: Fiken, druer, epler, melon og tyttebærsyltetøy gir ein frisk kontrast til den salte maten.
- Flatbrød, foccacia eller surdeigsbrød: Noko sprøtt og smakfullt å servera spekematen på.
- Oliven og sylta grønnsaker: Sylta løk, kapers eller cornichons tilfører syre og balanse.
- Potetsalat og Waldorfsalat: Gjev ein fin kremete balanse til spekematen og har lang tradisjon som tilbehør på festbordet.
- Eggerøre: egg smakar alltid godt i kombinasjon med spekemat og tilfører fin farge på bordet.

Pynt og presentasjon
Visuelt appellerende mat gjer alltid måltidet meir fristande. Her er nokon tips til korleis du kan legga opp spekematen pent:
- Rull opp spekeskinka og plasser den i små «roser».
- Lag små stablar av fenalår for å skape høgde og variasjon.
- Fargekontrast: Bruk mørke trebrett eller skifer som underlag for å få fargane på maten til å poppe.
- Spekerose: Brett tynne skiver av spekepølse eller salami rundt kanten av eit lite glas. Gjenta dette fleire «rundar» rundt. Snu glasset på hovud på serveringsbrettet. Voilá, ei nydelig rose som blir blikkfang på fatet!
- Urter: Bruk gode urter til å lage fargespel på fatet.
Drikke
Spekemat fortjener godt drikke. Her er nokon forslag:
- Rødvin: Ein god tommelfingerregel er ein tørr, lett kvitvin eller ein rosé til lettare spekemat, og ein fyldig raudvin til kraftigare spekemat.
- Øl: Ei lett IPA kan være eit godt valg.
- Alkoholfritt: Eplemost frå Hardanger.
Med desse tipsa kan du laga eit bord som ikkje berre smakar godt, men ser fantastisk ut óg.

POTETSALAT
Det er ikkje mykje som slår heimelaga potetsalat og spekemat, spør du oss. Flatbrød, eggerøra, litt druer og melon; .. eit herremåltid.
Potetsalaten er òg eit sjølvsagt tilbehør til grillmat.

BROKKOLISALAT
Vårt tørrsalta og eldhusrøykte bacon gjev ein ekstra piff til denne nydelige brokkolisalaten. Salaten er det perfekte tilbehøret til svinekjøtt eller kylling; – eller til grillmaten. Den er óg eit «must« til tapas, spekemat eller aleine til foccacia eller godt saftig brød.