Pai med Salami al Pesto

Pai er populært å servere og få servert. Her er oppskrift på ein herlig pai med salami al pesto og brokkoli. For å variera kan ein bytte ut salami al pesto med tørrsalta, eldhusrøykt bacon frå oss. Denne paien smakar godt til både kvardag og fest. Ekstra smakfullt blir det med ein god salat servert ved siden av.
Dette treng du

150g smør

200g mjøl

3 SS vatn

Paiform ca 24-26 cm i diameter

Fyll

100g oppskjert Salami al pesto

4  egg

100g brokkoli

2 dl fløyte/melk

Litt purre finhakka

Revet ost

litt salt og pepper

 

 

Slik går du fram
Sett ovnen på 200°C . Smuldre mjøl og smør saman og tilsett vatn til du får ein jevn og fin konsistens. La deigen stå kaldt i ca 1 time.
Smør paiformen og strø i litt mjøl. Kjevle ut deigen og prikk bunnen med ein gaffel. Forsteik paien på 200°C i ca 15 minutt. La paien avkjøle seg medan du gjer klart fyllet. Senk varmen til 180°C.
Del opp brokkolien i små bukettar og ha dei i kokande vatn i 2-3 minuttar. Skyll dei så med kaldt vatn og la dei renne godt av seg.
Ha Salami Al Pesto, purre og brokkoli i botn på paien.
Visp sammen egg og fløyte/melk, krydra med litt salt og peppar. Hell eggeblandinga over fyllet og dryss ost på toppen. Steik paien midt i ovnen i 25-30 minuttar. Server med god salat ved sida av.