En nydelig tacopai med tilbehør
Tacopai er ein annan vri på fredags tacoen. Lag ein pai og putt oppi dei grønsakene du sjølv likar best. Lag gjerne paibunnen kvelden før, eller du kan kjøpe ferdig…

Dette treng du

  • 400g Lundal kjøttdeig
  • 1pk tacokrydder
  • 1 boks cream fraiche
  • 1/2 purreløk
  • 1 raud paprika
  • 1 boks mais
  • raspa ost
  • PAIDEIG
  • 3dl mjøl
  • 2ss vatn
  • 150g meierismør

Tacopai er ein annan vri på fredags tacoen. Lag ein pai og putt oppi dei grønsakene du sjølv likar best. Lag gjerne paibunnen kvelden før, eller du kan kjøpe ferdig paibunn alt etter kva du har tid til.

Slik går du fram

Sett ovnen på 180 grader.

Paideig:
Bland saman mjøl, vatn og meierismør. Kjevle ut deigen til ein sirkel slik at den dekker paiforma. Trykk deigen godt opp i kanten på forma og stikk hull med ein gaffel i bunnen. Sett kjølig i ca 30 minutt. Forsteik deigen i 15-20 minutt Tips:Her kan du spare tid ved å lage deigen kvelden før.

Steik kjøttdeigen og tilsett tacokrydder og cream fraiche. Hakk opp paprika og purreløk og bland alle grønnsakene inn i kjøttdeigen. Ha fyllet over i den forsteikte paibunnen og topp med raspa ost. Steik i ovnen i ca 15-20 minutt.

Server med ein frisk salat, tortillachips, guacamole og rømme.