Heimelaga potetstappe smakar heilt nydelig til mange av produkta våre, og den treng slett ikkje ta så lang tid å lage. Me plar dele potetene i bitar, då vert dei…

Dette treng du

Til 4 personar:

  • 10 stk passelig store poteter
  • ca 2 dl mjølk
  • 2 ss melange
  • ½ ts salt
  • ¼ ts pepper
  • ½ ts Natvigs krydder
Heimelaga potetstappe smakar heilt nydelig til mange av produkta våre, og den treng slett ikkje ta så lang tid å lage. Me plar dele potetene i bitar, då vert dei fortare gjennomkokt.
Heimelaga potetstappe, steikesnabb og raspa gulrot er ein rask kvardagsrett me anbefalar deg å prøve.

Slik går du fram

Skrell potetene, del dei i bitar og kok. Når potetene er møyre, slå av vatnet.
Mos potetene, ha i smør og litt og litt av mjølka. Rør godt undervegs. Smak til med krydder.