Det eldhusrøykte og tørrsalta baconet vårt kan ein bruka i utallege rettar, alt i frå dei tradisjonelle middagsrettane til dei meir moderne og kjappe. Denne spagettiforma er ein favoritt i…

Dette treng du

  • 350 g ferdig kokt spagetti
  • 300 g terna Lundal bacon
  • 1 neve kutta purreløk
  • 2 rause ss smør/margarin
  • 2 toppa ss kveitemjøl
  • 4 dl mjølk
  • salt og pepper
  • raspa ost

Det eldhusrøykte og tørrsalta baconet vårt kan ein bruka i utallege rettar, alt i frå dei tradisjonelle middagsrettane til dei meir moderne og kjappe. Denne spagettiforma er ein favoritt i heimen vår, elska av både store og små. Retten passar óg godt når ein får gjester ei kveldsstund. Spagettiforma kan lagast klar på førehand og settast i ovnen når gjestene kjem. Så kan ein heller bruke tida i lag med dei.

Slik går du fram

Sett steikeovn på 200 grader.

 

Steik baconet på moderat varme, til det er møyrt.

Kok spagetti.

Skjer opp purre i fine ringar.

Smelt smør og rør inn kveitemjølet. Spe med mjølk til ein tjukk kvit saus. Ha i purreløk og la det småkoke 5 min. Smak til med salt og pepper.

Legg spagettien i ei ildfast form. Fordel baconet over spagettien. Slå den kvite sausen over og ha ost på toppen.

Steikes i ovn til osten er gyllen, 15 – 20 min.

Serveres med godt brød og salat .