
Dette treng du
- 400 g rå poteter
- 200 g kokte poteter
- 3 dl byggmjøl (kan bytte ut litt av mjølet med sammalt kveitemjøl fin og havregryn om ein vil)
- 1 stor ts salt
Slik går du fram
Skrell rå potet og raspa dei grovt. Rasp eller mos kokte, renka poteter og bland dei inn i dei rå potetene i lag medmed mjøll og sal til passe konsistens. Inneheld potetene mykje vatn må ein ha i litt meir mjøl. Form små komler med ei hånd og ei stor skei. Væt hånda og skeia i litt vatn for å få komlene glatte. Kok komlene i lag med kjøtt og pølser. Komlene skal trekka i 30-40 minuttar. Skjer gjennom ei komle med ein kniv for å skjekke at det er jevn konsistens og farge gjennom heile.