
Dette treng du
Til 4 personar
- 1 stor kålrabi
- 2 store gulrøtter
- 75 g melange eller meierismør
- 2 ss kveitemjøl
- 4 dl kraft frå koking
Slik går du fram
Skrell kålrabi og gulrøtter, del i bitar og kok til dei er møyre. Sil og mos grønnsakene. Bruk gjerne ei gammaldags stauke og mos for hand for ein litt grovare konsistens. Ha i smør.
Visp mjøl i litt vatn og tilsett det og kokekraft frå grønnsakene. Tilsett veske til passe tjukk konsistens.
Smak til med salt og pepper. (Eventuelt litt kraft frå kjøtt og/eller fløyte).