Italienskinspirert pizza
Italiano, pepperoni , salami al pesto er smakfulle spekepølser som alle er kjempegode å bruka til pizza. Ein kan velge ei av dei eller mikse. Prøv deg fram, og finn din favoritt!
Dette treng du
6dl pizzamjøl
Litt salt
25g gjær
2dl vatn
3 SS Olivenolje
Oppskrift pizzasaus
2 stk finhakka kvitløksfedd
2 SS meierismør
1 glas tomatpure
1 boks hermetiske tomater
1 stk finhakka løk
Salt og peppar
Oregano
Slik går du fram
Sett ovnen på 250°C. Ha mjøl og salt i ei bakebolle, smuldre inn gjær og elt inn vatn og olje i ca 15 minuttar. La deigen stå og heve til dobbel størrelse, ca 90 minuttar. Ha mjøl på bordet og del deigen i emner. Rull til boller, dekk med eit klede og la dei kvile i ca 30 minuttar. Kjevl ut til tynne runde pizzabunnar. Ha på pizzasaus, Italiano spekepølse, tomater og mozarella. Steik i ovnen i 8-10 minuttar, gjerne på pizzastål eller pizzastein for å få skorpa knasende sprø. Legg på litt ruccola og server rykande fersk.