Fylt paprika servert på en tallerken
Fylt paprika er ein enkel og smakfull rett . Dette er ei oppskrift ein kan variere innholdet i etter kva ein likar, eller ein på ein enkel måte å få…

Dette treng du

  • 2 store paprika
  • 200g kjøttdeig
  • 1 gulerot
  • 1/3 løk
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ss tomatpurè
  • 3-4 ss hakka tomater
  • ost
  • salt og pepper

Fylt paprika er ein enkel og smakfull rett . Dette er ei oppskrift ein kan variere innholdet i etter kva ein likar, eller ein på ein enkel måte å få brukt opp restar på om ein har noko liggande.

Slik går du fram

Sett ovnen på 200 grader.

Steik kjøttdeigen og ha oppi 1 grovhakka gulerot og 1 fedd finhakka kvitløk og vanlig løk. Tilsett hakka tomater og tomatpurè og la det stå og frese nokre minuttar. Smak så til med salt og pepper.

Del paprikaen i to, rensk den for frø og ha oppi kjøttfyllet. Topp til slutt med ost og steik i ca 15 minutt til osten er gyllen.

Server gjerne med ris og rømme og ein frisk salat.