Bayonneskinka med vintersalat
Lundal Bayonneskinka (ca 200 g pr person)
3 blader vinterkål
1/2 granateple, bruk berre frøa
2 appelsiner
1/2 raudløk
1/2 gulrot
15 stk valnøtter
Dressing:
2 dl lettrømme
1 pk majones
15 skiver sylta agurk
1 dl saus frå glaset med sylta agurk
1 dl grasløk (kan sløyfast)
Rundstykke:
50 gr gjær
100 g bremykt
4 dl melk
50 g solsikkefrø
50 g sesamfrø
100 g grov kveite
Salat:
skyll kålbladene, ta bort stilken og riv i bitar. Ta ut frøa i granateplet og bruk kun dei. Skrell appelsinene og skjær i bitar. Hakk opp raudløken i fine bitar. Rasp gulrota. Hakk valnøttene grove bitar. Bland alt saman i ei skål.
Dressing:
bland rømme og majones i ei bolle. Hakk agurken i små bitar og ha oppi dressingen i lag med søet frå agurkglaset. Hakk grasløken, ha oppi og rør saman.
Rundstykke:
Smelt smør og ha melka oppi, la blandingen bli 37 ° og rør ut gjæren i den. Bland dei tørre tinga og ha det oppi melka. Ha kveitemjøl oppi til ein passe laus deig. Hev deigen. Trill ut rundstykker og hev igjen. Steikast på 200° til dei er gyldne.
Tips:
Når bayonneskinka er ferdig kokt , slå av vatnet og stikk hol i posen på bayonneskinka for å få ut den gode og smakfulle krafta. Posen bayonneskinka kokast i blåser seg opp under kokinga, så det er lurt å behalde lokket på og lirka ein kvass kniv inn under lokket når ein stikk hol. Slik unngår ein å få glovarm kraftsprut på seg. La krafta renne ut i panna og ta vare på den. Frys den gjerne i isterningeposar så er det enkelt å regulere mengda når ein skal bruke den seinare for å smaksette sausar, supper eller lapskaus.