
Dette treng du
- Lundal Bayonneskinka (ca 200 g pr person)
3 blader vinterkål - 1/2 granateple, bruk berre frøa
- 2 appelsiner
- 1/2 raudløk
- 1/2 gulrot
- 15 stk valnøtter
Dressing:
- 2 dl lettrømme
- 1 pk majones
- 15 skiver sylta agurk
- 1 dl saus frå glaset med sylta agurk
- 1 dl grasløk (kan sløyfast)
Rundstykke:
- 50 gr gjær
- 100 g bremykt
- 4 dl melk
- 50 g solsikkefrø
- 50 g sesamfrø
- 100 g grov kveite
Slik går du fram
Kok Bayonneskinka i posen i 1,5 -2,5 timar (alt etter størrelsen) under lokk på moderat koking.
Salat:
skyll kålbladene, ta bort stilken og riv i bitar. Ta ut frøa i granateplet og bruk kun dei. Skrell appelsinene og skjær i bitar. Hakk opp raudløken i fine bitar. Rasp gulrota. Hakk valnøttene grove bitar. Bland alt saman i ei skål.
Dressing:
bland rømme og majones i ei bolle. Hakk agurken i små bitar og ha oppi dressingen i lag med søet frå agurkglaset. Hakk grasløken, ha oppi og rør saman.
Rundstykke:
Smelt smør og ha melka oppi, la blandingen bli 37 ° og rør ut gjæren i den. Bland dei tørre tinga og ha det oppi melka. Ha kveitemjøl oppi til ein passe laus deig. Hev deigen. Trill ut rundstykker og hev igjen. Steikast på 200° til dei er gyldne.
Tips:
Når bayonneskinka er ferdig kokt , slå av vatnet og stikk hol i posen på bayonneskinka for å få ut den gode og smakfulle krafta. Posen bayonneskinka kokast i blåser seg opp under kokinga, så det er lurt å behalde lokket på og lirka ein kvass kniv inn under lokket når ein stikk hol. Slik unngår ein å få glovarm kraftsprut på seg. La krafta renne ut i panna og ta vare på den. Frys den gjerne i isterningeposar så er det enkelt å regulere mengda når ein skal bruke den seinare for å smaksette sausar, supper eller lapskaus.