Bakt potet er eit godt alternativ til hyggemat. Om ein er mange til bords er dette ein enkel rett å lage utan stress. Ein kan fylle poteta med forskjellige godsaker,…

Dette treng du

  • 1 stor potet pr person
  • Lundal bacon
  • Mais
  • Rømme
  • Ost

Bakt potet er eit godt alternativ til hyggemat. Om ein er mange til bords er dette ein enkel rett å lage utan stress. Ein kan fylle poteta med forskjellige godsaker, men vår erfaring er at bacon alltid er ein suksess.

Slik går du fram

Sett ovnen på 200 grader.
Vask og tørk potetene godt. Pakk dei inn i aluminiumsfolie.
Steik baconet på moderat varme til det er møyrt.
Legg potetene på eit steikebrett og la dei stå i ovnen ca 1 time. Sjekk om dei er ferdige ved å stikke ein spiss kniv i nn i poteta, på same måte som når du kokar poteter. Lag eit kryss i poteta og press den lett i frå undersida slik at den åpnar seg. Fyll opp med bacon, rømme, mais og ost. Nyt.