Historia vår

Spekemattradisjonen i Åkrafjorden

I dag er det fjerde og femte generasjon som fører tradisjonane i familiebedrifta vidare. Eldhusrøyk gir framleis den milde og gode smaken på spekematen frå Lundal.

Alle som har køyrt ein del langs Åkrafjorden knyttar namnet Lundal til førsteklasses kjøtmat.

Både Åkrafjordpølsa og Åkerring er kjende og kjære produkt for dei mange som har gjort det til ein regel å stoppe ved Åkrafjordtunet og handle med seg kjøtmat frå Lundal når dei køyrer langs fjorden. Mange stoppar også for å eta middag i kafeen. Her er tradisjonsmat frå Lundal ofte på menyen. Du kan også kjøpa produkta våre i mange butikkar rundt om i landet.

Sjølv om det meste av produksjonen dreier seg om tradisjonsmat er det ikkje slik med maskinpark og anlegg. Hjå Johs. Lundal har me alltid hatt sansen for gode og effektive verktøy. Derfor har me kontinuerleg oppgradert produksjonslokala og maskinparken. I åra 2014 og 15 har me fornya heile produksjonsanlegget og installert moderne og effektive energiløysingar.

Fjellgarden Lundal

Det var på fjellgarden Lundal oppunder Folgefonna på nordsida av Åkrafjorden i Etne Kommune det heile starta. Bonden Johannes Lundal hadde vore til Evanger og lært seg å produsera spekepølsa og kunsten med eldhusrøykjing der.

Han hadde sauer og geiter på fjellbeite oppunder fonna. Desse slakta han om hausten og byrja å produsere ei mild og god fårepølse som blei heitande Åkrafjordpølsa.

Fjellgarden Lundal ligg omlag 6 km opp frå sjøen (Åkrafjorden) så etterkvart blei det tungvint å bu og driva der. Familien flytta ned til Mosnes omkring 1923. Der fortsette son og soneson med produksjonen av Åkrafjordpølsa fram til 1966.

Sørsida av Åkrafjorden

I 1966 flytta bedriften over til sørsida av Åkrafjorden, til Teigland. Det er her bedriften held til i dag og den blir driven av fjerde og femte generasjon Lundal. Me brukar framleis dei gode gamle tradisjonsrike produksjonsmåtane, og Åkrafjordpølsa blir framleis produsert etter oppskrifta frå 1870.

Eldhusrøyken er og ein viktig del i vår produksjon. Me fyrer med bål av oreved for å få den rette milde smak og fine farge på produkta våre.

Etter 1967 har det vore fire store påbygging- og moderniseringar i bedriften, ein i 1980, i 2005, 2009 og i 2015.

Dette gjer at me har godkjente, rasjonelle og oppdaterte lokaler, og driv etter dei krav og det regelverk som gjeld for matproduksjonsbedrifter av i dag.

Historia om Åkrafjordpølsa