Historia

Det var på fjellgarden Lundal oppunder Folgefonna på nordsida av Åkrafjorden i Etne Kommune det heile starta. Bonden Johannes Lundal hadde vore til Evanger og lært seg å produsera spekepølsa og kunsten med eldhusrøykjing der. Han hadde sauer og geiter på fjellbeite oppunder fonna. Desse slakta han om hausten og byrja å produsere ei mild og god fårepølse som blei heitande Åkrafjordpølsa.

Fjellgarden Lundal ligg omlag 6 km opp frå sjøen (Åkrafjorden) så etterkvart blei det tungvint å bu og driva der. Familien flytta ned til Mosnes omkring 1923. Der fortsette son og soneson med produksjonen av Åkrafjordpølsa fram til 1966.

I 1966 flytta bedriften over til sørsida av Åkrafjorden, til Teigland. Det er her bedriften held til i dag og den blir driven av fjerde og femte generasjon Lundal. Me brukar framleis dei gode gamle tradisjonsrike produksjonsmåtane, og Åkrafjordpølsa blir framleis produsert etter oppskrifta frå 1870. Eldhusrøyken er og ein viktig del i vår produksjon. Me fyrer med bål av oreved for å få den rette milde smak og fine farge på produkta våre.

Etter 1967 har det vore fire store påbygging- og moderniseringar i bedriften, ein i 1980, i 2005, 2009 og i 2015. Dette gjer at me har godkjente, rasjonelle og oppdaterte lokaler, og driv etter dei krav og det regelverk som gjeld for matproduksjonsbedrifter av i dag.

Me er stolte av historia vår, og av å vera ei av dei eldste bedriftene i Etne Kommune.

Historia om Åkrafjordpølsa