Det er få ting som slår gleda av å vere ute i naturen – den friske lufta, stilla rundt deg, og kjensla av fridom. Når du i tillegg kan nyte eit godt, smakfullt måltid ute i det fri, blir opplevinga ekstra spesiell. Grillpølser eller spekemat dei perfekte følgjesvennene på turen!
Enkelhet og smak – Grillpølsene er klare for tur!
Grillpølser er ein klassikar når det kjem til turmat. Dei er lette å ta med seg, enkle å tilberede og smakar fantastisk når dei blir grilla over bålet eller på ein liten grill. Enten du er på ein roleg fjelltur, langs fjorden eller i skogen, vil du alltid kunne finne ein plass til å fyre opp grillen og steike pølsene til dei er perfekte. Tilbehøret kan enkelt varierast, med t.d pølsebrød, potetkake eller potetsalat.
Me har 3 velsmakande variantar du kan prøve:
- Grillpølse: vanleg, klassisk og kjøttfull
- Hardangergrill: ei grovare kjøttfull, eldhusrøykt grillpølse med fårekjøtt
- Bratwurst: ei smakfull og kjøttfull, urøykt grillpølse med krydderurta karve. Sjå produkta her


Spekemat – Smaken av tradisjon og kvalitet
Spekemat passar perfekt på tur. Den er lett å ta med, krev ingen tilberedning, og kan nytast både på brød, knekkebrød, flatbrød, attått potetsalat, egg eller berre for seg sjølv. Spekeskinke, salami og fenalår – alle desse godbitane er smaksrike og gir deg den energien du treng på turen. Spekemat er ein stor del av vår matkultur-arv og er ein smakfull påminnelse om gamle tradisjonar.
Sjekk ut vårt rike og varierte utvalg av gode spekepølser her
Tips for å få turmaten til å bli ekstra god:
- Pakk maten godt: Bruk gjerne tette boksar for å beskytte maten mot fukt og for å halde den fersk heile turen.
- Ta med nok grillutstyr: Hugs grillrist eller ein liten portabel grill, og kanskje eit par grillklyper for å gjere det lettare å handtere pølsene.
- Drikke: Kombiner maten med noko kaldt og forfriskande, kanskje ei flaske lokal eplemost.
Frå fjelltopp til fjordkant – Turmaten gjer opplevinga ekstra fin!
Maten gjev deg ikkje berre energi – den gjer turen endå meir hyggeleg og minneverdig. Det er noko heilt spesielt med å vere ute i naturen og samlast rundt bålet med gode vener eller familie, og dele eit måltid som er både enkelt og smakfullt.