Sosakjøtt

500 g. Terna storfe flatbiff. Fantastisk i alle slags gryterettar og til sosakjøtt med deilig saus og poteter. ( ligg oppskrift under oppskrifter)

Lammebog

1 kg. Eldhusrøykt, salt og naturell. Flott lammebog skore i fine skiver. Den salta og den eldhusrøykte/salta treng ikkje vatnas ut. Kokast til kjøttet er møyrt. Nydelig i allslags supper t.d ertesuppe eller betasuppe, frikassè eller til komle.

Lapskauskjøtt

500 g. Utbeina svinebog som er lettsalta og eldhusrøykt med lokal oreved. Kjøttet er terna i passelig store terningar, og passar perfekt i lapskaus og betasuppe. Kjøttet gjev ei nydelig kraft slik at ein slepp å bruke smakstilsetjingar i form av buljong.

Komlekjøtt

500 g. Utbeina svinebog som er lettsalta og eldhusrøykt med lokal oreved.. Kjøttet er terna i passelig store bitar, og passar perfekt som tilbehør til komle, eller til ertesuppe eller kjøttsodd. Kjøttet gjev ei nydelig kraft som er fin å bruke i sausar

Åkerring

335 g. Grov og saftig middagspølse etter tradisjonsrik oppskrift. Sidan pølsa er rå, får ein den unike opplevelsen av nykokt pølse, kvar gong! Eldhusrøykt på lokal oreved. Høg kjøttprosent og smakar fortreffelig til kålrotstappe, kålstuing, kvit saus og grønsaker, i betasuppe og lapskaus eller som tilbehøyr til komle og pinnakjøtt. Fri for gluten og laktose.

Ertesuppe

900g. Velsmakande ferdig ertesuppe laga etter tradisjonsrik oppskrift på sunne og naturlege råvarer. Smakar nydelig med ferske rundstykker eller flatbrød til.