Biffsnadder med selleripuré
Møyr og god biffsnadder er alltid bankers og ein kan bruka den i mange forskjellige rettar og gryter.
Dette treng du
Til 2 porsjoner:
300 gr biffsnadder (150-200 g pr pers)
1/2 løk
½ ts sukker
Salt og peppar på kjøtet
Puré:
4 skiver rotselleri
½ eple
1 ss smør
½ dl kremfløte
15 opphakka basilikumblader
Salt og peppar
4-5 poteter
½ oppskåret paprika
½ dl kremfløte
Eventuelt litt maizena
Slik går du fram
Puré:
Del opp rotselleri og skrell eplet. Kok rotselleri og eple møyre, ha i smør og kna til puré. Ha i litt og litt kremføyte. hakk basilikum og ha oppi puréen. Smak til med salt og pepper.
Skrell og kok potetene.
Kjøtt:
Hakk løken. surr den litt på panna med 1/2 ts sukker. Ha biffsnadderen opp i steikepanna og steik dei saman. Ha salt og peppar på kjøttet. Strimle opp 1/2 paprika og ha oppi steikepanna. Hell litt potetkraft over kjøttet i saman med 1/2 del kremfløyte. La det småputre litt slik at smakane fåt sett seg i sausen. Ha eventuelt i litt maizena for ein tjukkare saus.