Fylt paprika med kjøttdeig
Fylt paprika er ein enkel og smakfull rett . Dette er ei oppskrift ein kan variere innholdet i etter kva ein likar, eller ein på ein enkel måte å få brukt opp restar på om ein har noko liggande.
Dette treng du
2 store paprika
200g kjøttdeig
1 gulerot
1/3 løk
1 fedd kvitløk
1 ss tomatpurè
3-4 ss hakka tomater
ost
salt og pepper
Slik går du fram
Sett ovnen på 200 grader.
Steik kjøttdeigen og ha oppi 1 grovhakka gulerot og 1 fedd finhakka kvitløk og vanlig løk. Tilsett hakka tomater og tomatpurè og la det stå og frese nokre minuttar. Smak så til med salt og pepper.
Del paprikaen i to, rensk den for frø og ha oppi kjøttfyllet. Topp til slutt med ost og steik i ca 15 minutt til osten er gyllen.
Server gjerne med ris og rømme og ein frisk salat.