Brokkolisalat med Lundal Bacon
Vårt tørrsalta og eldhusrøykte bacon gjev ein ekstra piff til denne nydelige brokkolisalaten. Salaten er det perfekte tilbehøret til svinekjøtt eller kylling; - eller til grillmaten. Den er óg eit ``must`` til tapas, spekemat eller aleine til foccacia eller godt saftig brød.
Dette treng du
2 ss eddik, type eple eller hvitvin
100-200 g Lundal tørrsalta eldhusrøykt bacon
1 stk rødløk
30 -50 g eple
30 g solsikkekjernar
Slik går du fram
Rensk brokkolien og del den i små bukettar. Kutt baconet i små bitar og sprøsteik det på moderat varme. Mengde bacon justerer ein etter kva ein skal bruke salaten attåt. Finhakk løken. Visp saman majones, sukker og eddik. Bland saman brokkoli, majonesdressing, eple, rødløk og solsikkekjernar. Dryss baconet over salaten, servér og nyt!